torsdag 25. august 2016

Overskrift: Laila - Nyheter fra Kattevandrerens Nyheter om Dyr.

Beskrivelse av sak: Fann seks døde dyr i Klepp-bustad Fann seks døde dyr i Klepp-bustad Denne hunden låg død på golvet då naboar og huseigar tok seg inn i bustaden. (Privat foto) Ein død hund, to døde kattar og tre døde marsvin i eit hus fullt av rot og ekskrement var det grufulle synet som møtte naboar. To avmagra kattar var i live. Tekst: Åge BjørnevikPublisert: 24.08.2016 kl 21:31 – Det er heilt forferdeleg. Eg har berre lyst å setja meg ned og grina, seier Nærbø-kvinna Christina Olsson, styremedlem i Dyrebeskyttelsen Norge avdeling Nord-Jæren. I kveld, onsdag, er folk frå Dyrebeskyttelsen i huset for å undersøkja dyretragedia, som dei fekk melding om seint tirsdag kveld. – Huset stinkar noko heilt ubeskriveleg, men dei døde dyra er her ikkje lenger. Me undersøkjer no om eigaren kan ha gøymt dei bort ein stad i nærleiken, seier Olsson på telefon frå bustaden, som ligg i Klepp kommune. Har funne leigetakaren Huset har vore utleigd, men det var ei stund sidan huseigar og naboar hadde sett leigetakaren. Dei reagerte mellom anna på at postkassen var full, og at dei ikkje lenger såg noko til dei mange dyra som leigetakaren hadde. Se bildet større To kattar var i live, men avmagra og tørste. (Privat foto) Av frykt for at det hadde skjedd noko med mannen, tok dei seg tirsdag kveld inn i huset. Synet som møtte dei der, var grufullt: Ein død hund, to døde kattar og tre døde marsvin låg der inne, blant rot og ekskrement. To kattar var i live, men var tørste og avmagra. I ettertid har huseigar fått kontakt med mannen og gitt han beskjed om at han må flytta ut umiddelbart. Leigetakaren skal etter det ha vore i huset. Då folk frå Dyrebeskyttelsen kom dit onsdag kveld, var det ingen dyr att – verken døde eller levande. – Kattane treng veterinær Ein av dei viktigaste sakene for Dyrebeskyttelsen no er å få hand om dei to avmagra kattane. – Kattane treng umiddelbar veterinærhjelp. Me har vore i kontakt med mannen og bede han om å gje dei til oss, slik at me får tatt kattane til veterinær. Men han nektar, og vil ikkje informera oss om kor kattane er no, fortel Olsson. Dei prøver også å finna ut kva som har skjedd med ein stor hund – ein doberman – som har halde til i huset. Den er sporlaust borte. – Me kjem til å melda denne saka til politiet. Heldigvis finst det god bildedokumentasjon, sjølv om dyra no er fjerna, slår Olsson fast...
Introduksjon til artikkel: Delt fra Kattens gode hjelpere!. Artikkel er kun for abonnenter, men teksten er i det delte innlegget.
Les mer på vår Facebookside eller hjemmeside, link under her.
Fra Kattevandrerens Nyheter om Dyr på Facebook: https://www.facebook.com/NyheterOmDyr

Sjekk vår hjemmeside: http://kattevandreren.no/frivillige/nyheter-om-dyr

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar