Beskrivelse av sak: HØYANGER/SÆBØ: Det var eit trist syn som møtte ein av oss i dag tidlig. Ein observant nabo ringte om ein katt som låg ihel frosen på ei trapp. Katten har nok dødd i løpet av natta. Den er tigerfarga og ser ut til å Vere ein kastert hannkatt uten chip. Katten er relativt korthåra, men pelsen har allikevel store floker og tovar, og er tydelig ustellt. Under desse klumpene med pels skjulte det seg ein kropp tynn og mager som knivar, katten var svært underernært. Den var og stygg i augene og var generelt i dårlig forfatning. Trappa den låg på var heilt tilfeldig og eigarane av huset har ingenting med katten å gjere, dei var i tillegg vekk reiste. Naboen som fann katten har ved ein tidligare anledning før jul sett denne katten og ho i tillegg til andre har siden det leita etter den uten hell dessverre. Vi har Ikkje hatt noko bilde av den før no. Når slikt skjer så er det fryktelig trist, men vi skriver Ikkje dette for å finne nokon "ta". Mange har nok trudd denne katten hadde ein eigar og den stygge pelsen skjulte kor mager den var. Men vi har alle eit ansvar....ser du ein katt som du føler Ikkje har det bra eller ikkje har nokon heim, så følg magefølelsen! Det er bedre å bry seg ein gang for mykje enn ein gang for lite. Ta kontakt med oss eller veterinæren, spør naboen eller andre du kjenner. Vi i DB kan sjekke chip og eventuelt etterlyse eigar. Det er kaldt ute, ta vare på kvarandre både to og firbeinte ❤ Bildet av katten ligger i kommentar feltet. Veit du noko om katten, så ta kontakt. Katten er no hos ein av våre styremedlemmer....
Introduksjon til artikkel: Bare dele fra Dyrebeskyttelsen Norge, avdeling Sogn og Fjordane.
Les mer på vår Facebookside eller hjemmeside, link under her.
Fra Kattevandrerens Nyheter om Dyr på Facebook: https://www.facebook.com/NyheterOmDyr
Sjekk vår hjemmeside: http://kattevandreren.no/frivillige/nyheter-om-dyr
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar